Felles Ansvar er i gang

På ein av dei mest værharde dagane, i regn og blåst, vart Felles Ansvar sparka i gang med Kick Off på Fjell festning 7. mars.

Åsta Årøen og styreleiar Torbjørn Fjøren

Frivillige som arbeider i dei ulike Felles Ansvar-prosjekta i Fjell, Sund og på Askøy presenterte sitt arbeid for sponsorar, politi og politikarar. Fellestrekk med prosjekta er at dei er særleg innretta mot å nå og inkludera ungdomar som er fare for å koma inn i miljø prega av rus og kriminalitet. Gode og spennande aktivitetar, leia av trygge vaksne skal bidra til å halda ungdommane i øykommunane på rett spor.

Felles ansvar er organisert som ei forening, der Lions på Askøy og Askøy Røde Kors, og kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden og politiet utgjer styringsgruppa. Felles Ansvar er finansiert av Gjensidigstiftelsen, Stor Bergen Boligbyggelag og Lions på Askøy. Prosjektet er tidsavgrensa til 2012 og 2013.

Åsta Årøen, prosjektkoordinator

publisert 08.03.2012