Få hjelp til å stumpa røyken!

Frisklivs- og meistringssenteret tilbyr røykesluttkurs for deg som ønskjer å slutta å røyka eller snusa. 

Kurset går over 6 kveldar klokka 17.00 – 18.30 med første kursdag torsdag 27. mars.  I løpet av dei tre første samlingane førebur du deg på å slutta å røyka eller snusa. Dei neste tre samlingane vert brukte til å oppretthalde den røyk- eller snusfrie kvardagen og motivasjonen for å halda fram å vere røyk- eller snusfri.

Øving gjer meister

Åtte av ti som røykjer har prøvd å slutta, og blant desse har nærare halvparten prøvd tre gonger eller meir. Den gode nyheita er at øving gjer meister.

– Du har kanskje tidlegare prøvd å slutta å røykja. La ikkje denne sjansen går frå deg. Med fleire forsøk bak seg, har ein med seg erfaring som aukar sjansen for å klara det neste gong, seier kurshaldar Bente Guntveit.

Sjå heile kursplanen her.

For påmelding til kurset send epost til  fms@offentleg.no

Helsedirektoratet har laga sida «Slutta – din røykeslutt» på Facebook for at folk skal kunne dela sine erfaringar med røykeslutt.

Frisklivs- og meistringssenteret er eit interkommunalt helsetilbod for innbyggjarar i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden som hjelper deg til å ta grep om eiga helse og endre levevaner. Senteret skal vera kommunane sin ressurs for å støtta opp om gruppebasert opplæring av innbyggjarar med kronisk sjukdom Etter planen skal FMS gå inn som ein del av det lokalmedisinske senteret på Straume. Inntil vidare er prosjektleiinga i FMS lokalisert i Straume terapisenter.

Les meir om Frisklivs- og meistringssenteret her.

publisert 14.03.2014