Første felles kurs om livsstilsendring

I neste veke startar det interkommunale frisklivs- og meistringssenteret (FMS) opp med det første felles livsstilsendringskurset. Dette er eit samarbeid mellom dei fire kommunane i region vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden og Helse Bergen. 

Prosjektgruppa. Frå venstre; Janicke Engebretsen (fungerande prosjektleiar), Elise Bergsagel (repr. frå Fjell kommune), Bente Guntveit (folkehelsekoordinator og leiar for frisklivssentralen i Øygarden kommune) og Willy Marthinussen (ergoterapeut og leiar av frisklivssentralen i Sund kommune). Anita Alvheim (prosjektleiar) og Mona Moan (repr. frå Askøy kommune) var ikkje til stades då biletet vart teke.

Kurset har fire kursdagar fordelt over vel 10 veker med oppstart torsdag 12. desember. Innimellom vert det lagt opp til at deltakarane trenar to gonger i veka i heile kursperioden. Kursa vert gjennomført i samarbeid med frisklivssentralane i dei fire kommunane. Det vert arrangert fleire kurs utover i 2014.

– Målgruppe for kurset er innbyggjarar som treng hjelp til endring i levevanar og har eller står i fare for å utvikla livsstilssjukdomar som diabetes II, kols, hjarte-/karsjukdom eller slit med overvekt/fedme. Dette er eit førebyggjande kurs der vi ønskjer å få folk opp av stolen, seier prosjektleiar for det interkommunale senteret, Anita Alvheim.

Kurs i Sotra Arena

Kurset vert halde i Sotra Arena på Straume i Fjell. Der er det også høve til å nytta turstiar som ligg like ved hallen. Kurshaldarar på det første kurset er Anna Nesje Nes og Bente Guntveit frå Øygarden kommune og Janicke Engebretsen frå Fjell kommune og Ingrid Sangolt frå Øygarden kommune. Askøy kommune stiller med folk på kurs nummer to.

– Dei som deltek på kurset på ha tilvising frå fastlege. Dette er eit gratis kurs. Den einaste kostnaden for deltakarane er 500 kroner som skal dekkja bevertning og kursmateriell. I forkant av kurset skal deltakarane ha ein innleiande helsesamtale med fagpersonell i den enkelte kommune, seier Engebretsen. Ho er fungerande prosjektleiar fram til nyttår.

Kommunane organiserer arbeidet med friskliv og meistring på litt ulike måtar. Ifølgje Alvheim har Øygarden kome langt i dette arbeidet og knytt det opp mot Familiens Hus. Etter planen skal FMS gå inn som ein del av det lokalmedisinske senteret på Straume. Inntil vidare er prosjektleiinga i FMS lokalisert i Straume terapisenter.

– FMS skal mellom anna gje kompetansehevande kurs for helsepersonell og innbyggjarane for livsstilsendring, meistring og livsglede, seier Alvheim.

Frisklivs- og meistringssenteret (FMS) er altså eit interkommunalt samarbeid mellom dei fire kommunane i region vest. Senteret skal vera kommunane sin ressurs for å støtta opp om gruppebasert opplæring av pasientar med kronisk sjukdom. Senteret er ei oppfølging av «Betre Saman» som er leia av ei styringsgruppe med representantar frå dei fire kommunane, Helse Bergen og Helse Vest. 

Her kan du lesa handlingsplan 2013-2015 for FMS i Betre SAMAN.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 05.12.2013