Føreslår to forliksråd i region vest-kommunane

Styret i Regionrådet Vest går inn for at det vert etablert to forliksråd for kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.

Bakgrunnen for dette er at Politidirektoratet har bede om at politidistrikta vurderer om det skal opprettast felles forliksråd i kommunane. Styret i regionrådet var samla til møte på Askøy måndag 27. juni.

I dag har alle dei fire kommunane i regionen eigne forliksråd. Forliksrådet er samansett av tre lekfolk. Sekretariatet for forliksrådet ligg administrativt under Sotra, Askøy og Øygarden lensmannsdistrikt. Eín person er sekretær for kommunane Askøy og Øygarden og eín person er sekretær for Fjell og Sund kommunar.

Regionrådet har vurdert to modellar; eitt felles forliksråd for alle dei fire kommunane, alternativt to forliksråd i regionen. Eitt felles forliksråd for alle kommunane fører til mykje reisetid og mange møte for å behandla den totale saksmengda. Fordelane med ein reduksjon frå fire til to forliksråd er mindre administrasjon, mindre reisetid, auka kompetanse, betre mekling og lågare kostnader.

På bakgrunn av dette tilrår styret i Regionrådet Vest at det vert etablert to forliksråd i regionen; eitt for Sund og Fjell kommunar og eitt for Øygarden og Askøy. Saka vert sendt til kommunane for politisk behandling.

Sjølvbyggjarprosjekt

Døme på sjølvbyggjarprosjekt i Meland kommune. Bustader på Holme. Foto: Meland kommune.

Det vart gjeve informasjon om Kriminalomsorga sitt «Sjølvbyggjarprosjekt». Dette prosjektet har som målsetjing å starta opp sjølvbyggjarprosjekt etter modell frå Meland kommune. Både i Øygarden og Askøy er slike prosjekt starta opp. Rådmennene i samarbeidskommunane tek opp saka på neste møte for å avklara om det er grunnlag for eit samarbeid om dette. 

Presentasjonar

På møtet vart det gjeve informasjon om næringsplansamarbeid, ulike tiltak/prosjekt innan havbruk og kultur.

Periferifestivalen ønskjer eit strategisk samarbeid med kommunane for å stå sterkare med omsyn til økonomisk støtte frå offentlege støtteordningar. Det vart vedteke at kultursjefen i Sund tek opp dei kulturpolitiske konsekvensane med kultursjefane i dei andre kommune. Gode Sirklar får ansvaret for å sjå nærare på dei næringsstrategiske momenta.

Referat frå styremøtet er lagt ut under «Møte». 

   Tekst: Vigleik Brekke

publisert 05.07.2011