Føreslår felleskontor på Askøy

Det kan verta etablert eit felleskontor for oppfølging av fosterheimsplasserte barn i region vest. I ei sak om dette til styremøtet i Regionrådet Vest i Fjell måndag 3. desember er det innstilt på at eit slikt felleskontor vert plassert på Askøy med oppstart 1. august 2013. Dette er ei oppfølging av prosjektet «Betre saman for barna».

Askøy rådhus

Ei kartlegging av ressursbruk til oppfølging av fosterheimsplasserte barn og tilsyn, syner at det i dag vert brukt om lag 9,5 årsverk til dette arbeidet. I saksutgreiinga går det fram at det kan synast rimeleg at talet på årsverk vert auka til 13 årsverk. Eit regionalt felleskontor for dei fire kommunane vil få ansvaret for om lag 100 barn under omsorg og nokre andre oppgåver.

Funksjonar som er tenkt lagt til felleskontoret er saksbehandling, rettleiing og oppfølging av fosterheimsplasserte barn og fosterheimar, rekruttering av fosterheimar og tilsynsførarar og adopsjonssaker. Styrking av dette arbeidet inklusive husleige vil gje ein forventa meirkostnad på om lag 2.3 millionar kroner. Meirkostnadene kan finansierast gjennom øyremerkte midlar i statsbudsjettet for 2013.

Det er føreslått at kontoret vert etablert som ei vertskommuneløysing basert på ein samarbeidsavtale med juridiske avklaringar, klare mål og forventningar til resultat. Drifta av kontoret og kvaliteten på tenestene skal evaluerast hausten 2015.

Samarbeid om barnevernsvakt

Dei fire kommunane i region vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden, skal også vurdera om det skal etablerast eit utvida samarbeid om barnevernsvakt. I dag har desse kommunane barnevernsvakt i helgane basert på ein avtale med Bergen kommune. Det er ikkje noko vaktordning på kveldstid/nattid på kvardagane, men barnevernsleiarane kan rykkja ut ved akutte hendingar. Det er ønske frå politi, barnevern og andre at det vert barnevernsvakt alle dagar heile året.

Det er vurdert tre alternativ; 1) etablera eigen vaktordning heile veka (heile året), 2) vidareføra avtalen med Bergen kommune for helgar/høgtider og etablera eigen vaktordning dei andre dagane (måndag-fredag) og 3) utvida og reforhandla avtalen med Bergen kommune til å gjelda alle dagane, heile året.

Til møtet i regionrådet på måndag vert det innstilt på å vidareføra avtalen med Bergen kommune i helgar og høgtider og å etablera eigen vaktordning dei andre dagane. I forhold til noverande ordning, vert meirutgiftene på 700 tusen kroner. Dette er føreslått finansiert gjennom øyremerkte styrkingsmidlar for barnevernet i statsbudsjettet for 2013.

Ordninga er tenkt som ei prøveordning for 2013. Det vert føreslått at ei permanent barnevaktsordning skal utgreiast med tanke på etablerting frå og med 2014.

Andre saker og orienteringar i regionrådet 3. november

  • Strandsone og næringsareal, innspel om vegen vidare
  • Ide – dokumentasjon trafikk
  • Vegsaker, straksløysingar Sotra nord/sør, besøk av avdelingsdirektør i Statens vegvesen,  Olav Finne, og samferdsleavdelinga i Hordaland fylkeskommune
  • Ny kyrkjeordning, besøk av kyrkjeverjer og prost
  • Krisesenter
  • Kommunesamanslåing
  • Møteplan
  • Meldingar

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Tekst: Vigleik Brekke, foto: Askøy kommune

publisert 28.11.2012