Etablerer Tinget i Vest

Fire samarbeidskommunar i bergensområdet skal oppretta ein ny politisk møtestad;  Tinget i Vest. Styret i regionrådet vedtok dette i dag. 

Regionrådet er eit samarbeidsorgan for kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden, og Tinget i Vest vert samansett av formannskapa i dei fire kommunane. Styret kallar inn til tinget og set opp dagsorden.

Styret var samla til møte i Øygarden 30. august. Frå venstre Harald Nordstrand (fungerande ordførar i Sund), Knut Hanselmann (ordførar i Askøy), Eli Årdal Berland (ordførar i Fjell) og Olav Martin Vik (ordførar i Øygarden).

Styreleiar Olav Martin Vik, ordførar i Øygarden, seier at dette organet skal hjelpa til at arbeidet i regionrådet vert godt forankra i det politiske miljøet.

     – Ved hjelp av Tinget i Vest vert vi i stand til å få ut informasjon til politikarane i kommunane og sikra at arbeidet i regionrådet vert godt politisk forankra. I dette tinget vil vi også få politiske signal for det vidare arbeidet, seier Olav Martin Vik.

Tinget skal ta opp utviklingstema for regionen til drøfting. Dette er ein politisk verkstad og møteplass, og det vert ikkje føreteke avrøysting eller avgjerder i dette organet. Tinget skal ha to møte i året og går på omgang i dei fire kommunane.

IKT-samarbeid
Styret for Regionrådet Vest gjekk inn for å etablera eit forpliktande samarbeid IKT-samarbeid mellom kommunane. Perioden fram til januar 2013 er tenkt som ein interimsfase der kursen og premissane for samarbeidet vert lagt. Saka går vidare til politisk handsaming i dei fire samarbeidskommunane.

Strategisk næringsplan
Strategisk næringsplan for bergensregionen 2010-2014 ført i pennen av Business Region Bergen (BRB), vart teken til orientering. Sentrale tema for regionen er infrastruktur og arealdisponering. Kommunane skal også kvar for seg gje uttale til planen.

Evaluering av Gode Sirklar
Styret drøfta Agderforskning sin rapport om næringsutviklingsselskapet Gode Sirklar. Agderforskning har mellom anna konkludert med at Gode Sirklar har levert imponerande resultat og at ingen andre regionale uvitklingsselskap i Noreg kan syna til noko liknande. Ein viktig del av drøftinga er korleis selskapet skal sikrast eit langsiktig kapitalbehov. Styret tok rapporten til orientering.

Andre saker
Regionstyret slutta seg til eit prosjektforslag til kartprogramvare, KartIKUS. Gjennom ein anbodskonkurranse skal det etablerast lik programvare, avtalar, omstilling og opplæring.

Styret godkjente etablering av eit eige underutval som skal drøfta og førebu saker til Samarbeidsutvalet for bergensregionen. Utvalet skal sikra eit godt samarbeid mellom kommunane og spesialisthelsetenesta.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 30.08.2010