Entusiastisk idédugnad om betre barnevern

– Eit samarbeid om barnevernet på tvers av kommunegrensene kan gje løysingar som tek i vare barna på ein meir heilskapleg måte. 

Rådmann i Øygarden, Torgeir Sæter, ønskte forsamlinga velkomen

Det seier prosjektleiar for «Felles barnevern», Svein Lyngroth, etter at 115 medarbeidarar frå kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden var samla i kultursalen i rådhuset i går (03.11).  

– Vi ønskjer å tenkja heilskapleg i eit framtidsperspektiv for barnevernet, seier Lyngroth i  Agenda Kaupang.

Initiativ frå Regionrådet Vest

Det er Regionrådet Vest som har teke initiativ til å få utgreidd samarbeid om barnevernstenestene i dei fire kommunane. Målsetjinga er å finna felles løysingar som gjev tidleg, rask og rett hjelp gjennom å samordna ressursar og innsats. I prosjektet ønskjer ein å utvikla eit barnevern som har eit samla og heilskapleg ansvar for tenestene.  

– Mine forventningar til seminaret er innfridd. Dette har vore inspirerande og spennande. Det trengs fornyingar og endringar i barnevernet i distriktet. Resultatet bør verta at ressursane vert brukt meir felles, seier Ingeborg Moldstad som er seksjonsleiar på Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk på Straume.

Vilje til endring

 

Det var stor interesse for idédugnaden. 115 medarbeidarar frå fire kommunar var på plass i kultursalen

Nina Bolstad er avdelingsdirektør for Bufetat region vest og har eit overordna ansvar for den statlege delen av barnevernet for Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Ho er svært glad for samarbeidsviljen mellom kommunane her vest. 

– Alle kommunane har gode tiltak som kan brukast i dette samarbeidet. Det mest slåande eg har registrert i dag er viljen til endring. Eg trur at prosessar som dette også kan gje betre samarbeid internt i den einskilde kommune, seier Nina Bolstad. Ho seier at det kom inn konstruktive innspel på kva Bufetat kan hjelpa til med. 

Kan dra vekslar på kvarandre

Familieterapeut Herborg Sygnabere i Askøy trur at det kommunale barnevernet kan styrkast med samarbeid. 

– Vi kan dra vekslar på kvarandre. Ressurspersonar kan nyttast i fleire kommunar, og i vanskelege barnevernsaker kan det faktisk vera ein fordel å ha litt avstand, seier Herborg Sygnabere. 

Etter idédugnaden presenterte gruppene konklusjonar og tankar i plenum. Stikkord i oppsummeringa var mellom anna heilskapstenking på tvers av fagområda, felles barnevernvakt, utvida arbeidsfelt for det kommunale barnevernet, brukarmedverknad, arbeids- og lønsforhold og førebyggjande arbeid. 

Vegen vidare

Ifølgje sosialsjef i Fjell, Tove Helleland, er målet å søkja om midlar til eit treårig prosjekt for å vidareutvikla barnevernet i regionen. Dette skal gjerast i tett samarbeid med spesialisthelsetenesta og Bufetat. Det er også aktuelt at det kommunale barnevernet søkjer om dispensasjon for utvida ansvarsmynde i forhold til Bufetat.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto :  Kjell Andersland

publisert 04.11.2010