Engasjement gjev resultat

– Vi hadde ikkje hatt det samfunnet vi har i dag om folk ikkje hadde engasjert seg politisk.

Det sa fjellsokningen Oda Villanger til 25 ungdomspolitikarar frå Askøy, Fjell og Sund på den regionale opplæringsdagen i dag. Villanger er nestleiar i Sotra og Øygarden AUF og organisatorisk nestleiar i Hordaland AUF.

Oda Villanger

Ifølgje Oda Villanger er det viktig å engasjera seg politisk og i organ som ungdomsråd og ungdommens kommunestyre (UKS).

– Sjølv var eg svært kritisk til pelsdyrproduksjon. Eg engasjerte meg og fekk støtte for ein uttale om dette på fylkesårsmøtet i AUF. Forslaget fekk også gjennomslag på landsmøtet i AUF før det

vart vidare spelt inn til moderpartiet der vi også nådde fram med vårt syn på pelsdyrnæringa, sa Villanger.

Ho viste til at det er mange måtar å engasjera seg på og nemnde debattsider på nett og papir som Vestnytt, Askøyværingen, BTbatt, NRK ytring, askjonar, og ungdommens kommunestyre/ungdomsråd.

Gode erfaringar

Assisterande rådmann i Austrheim kommune, Olav Mongstad, snakka om organiseringa av arbeidet i ungdomsråd og ungdommens kommunestyre.

– Det er lurt å konsentrera seg om ei eller to saker. Det gjev gjerne det beste resultatet, sa Mongstad.

Han utfordra ungdomspolitikarane til fortelja om erfaringa med å vera med i dette arbeidet.

Kaja Sandanger

– I Sund har vi mellom anna arbeidd med korleis vi kan gjera overgangen frå barneskulen til ungdomsskulen lettare, sa leiar i Sund UKS, Kaja Sandanger.

I Fjell har UKS arbeidd med å betra kollektivtilbodet. I Fjell har UKS inngått eit samarbeid med eldrerådet om dette. Både i Fjell og Askøy disponerer ungdomspolitikarane ein del midlar som etter søknad kan tildelast ulike tiltak retta mot ungdom.

– Når ungdomsrådet eller ungdommens kommunestyre har midlar til rådevelde på denne måten, skapar det både eigarforhold og engasjement, sa Olav Mongstad. Han skal i løpet av dagen snakka om tema som handlingsrom, forventningar, skilje sak og person, hersketeknikk, lokaldemokrati, samfunnsutvikling og skikk og bruk.

Frå samlinga i Fjell rådhus i dag

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 14.11.2013