Drøftar tomt til ny vidaregåande skule

Regionrådet Vest skal på møtet den 12. mars drøfta eit notat der det er peika på seks alternative forslag til tomt for ein ny vidaregåande skule i regionen.

Møtet i regionrådet vert halde på kommunehuset i Sund (Skogsskiftet).

Møtet i regionrådet vert halde på kommunehuset i Sund (Skogsskiftet).

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I dag har Sotra vidaregåande skule to avdelingar; ei på Bildøyna og eí i Skogsvåg i Sund. Fylkestinget har vedteke at ein ny skule skal samlokaliserast på Bildøyna/Straume. I notatet er det vist til eí lokalisering på Bildøyna, kunnskapskvartalet Bildetangen. Dei fem andre tomtealternativa ligg på Litlesotra i retning nord/sør frå Fjell rådhus til Straume idrettspark.

Dei fem alternativa er nær Straume idrettspark, mellom Sartor Storsenter og Straume idrettspark, verkstad- og bussoppstillingsområdet og utfylling av Stovevatnet.

For skuleåret 2015/206 var det om lag 1 250 elevar frå regionen vår i offentlege vidaregåande skular. Nær 45 prosent av elevane i regionen har vald skuletilbod i andre regionar. Fylkeskommunen tek utgangspunkt i ein elevprognose for 2030 på 1 350 elevar, og den nye skulen vil få om lag 1 100 elevplassar i eit bygg på om lag 15 700 kvadratmeter til ein kostnad på om lag 660 millionar kroner.

Bygget vil krevja ei tomt på om lag 16 mål, og val av tomt vert gjort av fylkestinget hausten 2018. Det er lagt til grunn at den nye skulen vert etablert i tilknyting til kollektivknutepunkt på Straume/Bildøyna i 2024.

I notatet er tomtealternativa vurdert ut frå kriterium som ungdomsperspektivet, sambruks- og fleirbruksperspektivet, økonomiperspektivet, tilgjengeperspektivet og læringsperspektivet.

Andre saker i regionrådsmøtet den 12. mars

  • Prioritering av søknader om skjønsmidlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt i 2018
  • Framtidas kunnskapsklynge i Nye Øygarden kommune
  • Løypemelding Havrom 2018
  • Søknad til Forskingsrådet i FORKOMMUNE-programmet
  • Nye Øygarden kommune 2020, eit samlande kollektivprosjekt

Møtet i Regionrådet Vest vert halde på kommunehuset i Sund og tek til klokka 13.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 06.03.2018