Drøftar framtida for Regionrådet Vest

Ei av sakene på styremøtet i Regionrådet Vest den 28. november er bruk av Regionrådet Vest i framtida.

 

Møtet i regionrådet vert halde på kommunehuset i Sund (Skogsskiftet).

Møtet i regionrådet vert halde på kommunehuset i Sund (Skogsskiftet).

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På møtet vil leiar i regionrådet, Øygarden-ordførar Børge Haugetun, gjennomgå korleis regionrådet har vore brukt og korleis det vert brukt, også utanfor kommunane.

Regionrådet Vest vart etablert i 2010 som eit rådgjevande og koordinerande organ for kommune Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Askøy kommune melde seg ut av regionrådet med verknad frå januar 2016. Ei av oppgåvene til regionrådet dei siste åra har vore å vurdera og prioritera søknader til Fylkesmannen om skjønsmidlar til fornying- og innovasjonsprosjekt i kommunane.

Andre saker/orienteringar i regionrådet den 28. november:

  • Gjennomgang av prosjekta som fekk tildelt skjønsmidlar frå Fylkesmannen i 2016
  • Brannsamarbeid i bergensregionen
  • Felles Ansvar (rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak)
  • Oppfølging etter avvikling av Business Region Bergen

Les innkalling og saksdokument her.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 21.11.2016