Drøftar eigarskap og forankring for Gode Sirklar

Regionrådet skal måndag den 19. september drøfta korleis det kan skapast eigarskap og oppfølging av prosjekta i regi av næringsutviklingsselskapet Gode Sirklar.  Dagleg leiar i selskapet, Sverre Konrad Nilsen, vil innleia til samtale om dette temaet.

Sverre Konrad Nilsen

Sverre Konrad Nilsen

Strategien for Gode Sirklar er å prioritera næringsutvikling i næringar som står for vesentleg verdiskaping i regionen. Selskapet skal også utvikla god samhandling og utvikling mellom utdanning og næringslivet.

Spørsmål som mellom anna vert stilt under drøftinga på møtet i regionrådet på måndag, er om ein skal endra politisk rapportering og forankring av prosjekta til Gode Sirklar. Andre spørsmål er om den administrative forankringa skal endrast og om Gode Sirklar bør vera ein operatør for regionrådet.

 

Andre saker i regionrådet den 19. september

  • – Kystsoneplan: Korleis sjå kystsoneplan i lys av arbeidet med
    strandsoneplan og næringsareal?
  •  – Gjennomgang av prosjekta som fekk skjønsmidlar i 2015
    – Referatsaker
    – Ymse

Møtet vert halde i Øygarden rådhus, Rong, og tek til klokka 11.30.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 14.09.2016