Driv fram fleire samarbeidsprosjekt

Den nye prosjektleiaren i Regionrådet Vest, Torgeir Sæter, skal driva fram fleire samarbeidsprosjekt mellom i region vest.

Prosjektleiar Torgeir Sæter i sitt nye kontorlokale på Kleppestø

Sæter var fram til 23. mars rådmann i Øygarden og har no fått kontorplass i administrasjonen i Askøy kommune. I region vest har kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden ei rekkje fellesprosjekt gåande. Torgeir Sæter skal særleg driva fram fire av desse prosjekta. Eitt av dei, Betre Saman for barna, har han godt kjennskap til ettersom han sidan starten i januar 2010 har vore initiativtakar og kontaktperson for styringsgruppa.

– Formålet med prosjektet Betre saman for barna er å løfta tenestene og tilsette knytt til vern av barn slik at barn og familiar merkar ei positiv betring i tilbodet og eit betre liv. Vi skal no sjå på kva dei fire kommunane kan gjera saman. Sjølv om alle kommunane skal ha si eiga barnevernteneste, kan det verta aktuelt å etablera interkommunale kontor innan einskilde område, seier Torgeir Sæter.

Barne- og Likestillingsdepartementet har fått utført utgreiingar om barnevernet med intensjon om ei større nasjonal satsing.

– Det kan sjå ut til at staten ved Bufetat vil få reduserte oppgåver og at kommunane vil få overført oppgåver, ansvar og ressursar. Det vil i så fall vera ei rett utvikling, noko som er dokumentert i fleire utgreiingar og undersøkingar. Vidare ligg det i korta at det vert ei fagleg og økonomisk styrking av det kommunale barnevernet. Prosjektet Betre saman for barna samsvarar godt med den forventa satsinga til Regjeringa, seier Sæter.

Konkrete tiltak

Eit forprosjekt for prosjektet vern av barn vart utarbeidd i samarbeid med Agenda Kaupang. Tidleg i 2011 gav alle kommunane klarsignal om å gjennomføra prosjektet og starta opp hovudprosjektet over tre år med planlagt fullføring i løpet av 2013. Det er oppretta arbeidsgrupper som skal leggja fram aktuelle konkrete tiltak.

Sentrale mål for prosjektet er å sikra barnet sin rett til hjelp og gje tidleg, rask og rett hjelp gjennom å forskyva ressursar og innsats. Kommunane skal ha eit samla og heilskapleg ansvar for tenesteytingane. Tiltaksmodellen er delt inn i seks tiltak; primærførebyggjande tiltak, sekundærførebyggjande tiltak, stabiliserande tiltak, endringstiltak, fosterheim og institusjon.
Helsestasjon, barnehage, skule, kultur, barnevern, Bufetat, Helse Bergen, politiet er alle sentrale aktørar for å nå måla i prosjektet. Barnevernet er sentralt, men alle dei andre aktørane må involverast og utviklast dersom utsette barn og familiar skal få betre tilbod enn i dag.

I regionen er det i dag om lag 100 fosterheimar, men det er behov for mange nye slike heimar. Oppfølging av fosterheimsplasserte barn er ein viktig del av prosjektet.

Prosjektet har fått tilskot frå Fylkesmannen, og for 2012 er det løyvd 250 tusen kroner. Som følgje av overførte midlar frå tidlegare år, har prosjektet tilfredsstillande finansiering så langt. Og med eigen prosjektleiar i regionrådet, ligg alt til rette for at prosjektet no skyt fart.

Planprosjekt

Torgeir Sæter skal og arbeida med tre prosjekt innan plan- og byggjesak. 

Det eine prosjektet, «Arealplanlegging», har som mål å etablera ein modell/metodikk for interkommunalt samarbeid som kan leggjast til grunn for framtidige samarbeidsprosjekt i regionen. Det kan mellom anna verta aktuelt å etablera felles rutinar for saksbehandling og forventningar til utarbeiding av planar. Fylkesmannen har tildelt 500 tusen kroner til dette prosjektet i 2012.

– Eg skal om kort tid ha møte med alle plan- og utbyggingssjefane/leiarane i dei fire kommunane. Då vil vi kartleggja rammer, framdrift og målsetjingar med prosjektet. Vidare vil vi setja saman prosjekt- og arbeidsgrupper, seier Torgeir Sæter.

Dei to andre prosjekta er interkommunalt samarbeid mot ulovleg bygging. Til dette prosjektet er det løyvd 150 tusen kroner frå Fylkesmannen og eit prosjekt med plan, byggjesak og oppmåling der regionen har motteke 400 tusen kroner frå Fylkesmannen.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 19.04.2012