Drøftar strandsone og samordning av næringsareal

Styret for Regionrådet Vest skal på møtet måndag  3. september drøfta oppfølging av hovudprosjektet «Plan og byggesak».  Møtet vert halde på rådhuset i Øygarden. 

Møtet vert halde i Øygarden rådhus

 

For to av delprosjekta er det naturleg å nytta kommunedelplan som arbeidsmåte. Dette gjeld byggesak/strandsone og samordna næringsarealplanlegging. Rådmennene i dei fire samarbeidskommunane i regionrådet går inn for at arbeidet i desse to delprosjekta vert organisert som kommunedelplanarbeid. Dette vert då eit interkommunalt plansamarbeid for Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. 

Andre saker i Regionrådet Vest

  • Status for prosjektet «Betre saman for barna»
  • Status for prosjektet «Plan og byggesak»
  • Meldingar

Det vert også gjeve orientering om NKS Olaviken alderspsykiatriske sjukehus. 

 Her kan du lesa innkalling med saksdokument. 

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 29.08.2012