Drøftar kommunestruktur på tinget

Tinget i vest skal drøfta kommunestruktur på møtet i Fjell måndag 8. april.

Fjell rådhus

Tinget er samansett av formannskapa i dei fire samarbeidskommunane i region vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Ordførar i Lindås Astrid Aarhus Byrknes skal på møtet på måndag gje informasjon om kommunestrukturarbeidet i Nordhordland.

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 09.00 og er ope for publikum.

På styremøtet i regionrådet 18. mars vart det vedteke å gå vidare med moglegheitsstudiet av framtidig kommunestruktur. Både i Askøy og Fjell har kommunestyret slutta seg til at det vert sett i gang eit prosjekt om interkommunalt samarbeid og moglegheitsstudium av ulike modellar for kommunestruktur. Øygarden kommune har vedteke å ikkje vera med i det vidare arbeidet med prosjektet, men vert invitert til å følgja arbeidet som observatør.  I Sund kjem saka opp til politisk behandling om kort tid.

Studiet skal gje best mogleg savar på fordelar og ulemper i dei ulike strukturane. Regionrådet legg opp til at Tinget i vest 8. april drøftar aktuelle kriterium for moglege strukturelle endringar som skal leggjast til grunn i eit studium.

Andre tema på Tinget i vest 8. april vert felles ROS-analyse for kystkommunane vest for Bergen, det kriminalitetsførebyggjande tiltaket Felles Ansvar og IKT-strategi.

Tekst: Vigleik Brekke, foto: Kjell Andersland

publisert 03.04.2013