Dialyse ut til pasientane

I dag (18.10) kunne dei første pasientane ta i bruk den nye dialyseeininga på Straume. Dette er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Fjell kommune. Det nye tilbodet betyr mykje kortare reisetid til behandling for dialysepasientar i Fjell og nabokommunane. 

Fjell-ordførar Eli Årdal Berland delte ut rose til Rolf Titlestad frå Askøy.

Ordførar Eli Årdal Berland delte ut blomar og roser til dei tilsette og pasientane. På den første dagen var det pasientar frå både Askøy, Øygarden og Fjell. Også pasientar frå Sund vil nytta seg av dialyseavdelinga.

     – Eg set stor pris på at dette tilbodet er kome til Fjell, og eg takkar for eit godt samarbeid med Helse Bergen. Ikkje minst vil brukarane korta ned reisetida ved å ha eit tilbod her, sa Berland.

Også avdelingssjukepleiar Njål Olav Husøy på Medisinsk avdeling post 2 dialyse på Haukeland takka for det gode samarbeidet mellom føretaket og Fjell kommune og sa at tilbodet har kome på plass på kort tid.

Glad for samarbeidet
Dette spesialisttilbodet skal dei første åra halda til i mellombelse lokale på Straume. Seinare vil tilbodet verta flytta til det planlagte lokalmedisinske senteret i same område. Eininga skal ha fem plassar og i starten vera i drift tre dagar i veka.

     – Håpet vårt er at eit slikt lokalmedisinsk senter skal stå ferdig i 2013, seier helsesjef Terje Handal i Fjell kommune. Han er veldig glad for dialysesamarbeidet med Haukeland.

     – Vi trur dette blir eit flott tilbod til ei pasientgruppe som treng trygge, positive omgjevnader og der det er ein fordel med kort veg til behandling.

Nært men trygt
I ein prosjektperiode på tre år skal Helse Bergen leiga lokale i Straume bu- og servicesenter og bemanna eininga.

Dialyseeininga skal dekkje kommunane Fjell, Sund, Øygarden og Askøy, eit område på nærare 60 000 menneske. I dag har Haukeland fem dialysepasientar frå desse kommunane.

     – Dialysesatellittar er vanlege her i landet, men berre der det er lang veg å reise til sjukehuset. Dette blir den første nære satellitten i Noreg, fortel avdelingssjukepleiar Husøy.
Han ser fleire fordelar med ei dialyseeining som ligg nær pasientane og samstundes rundt 15 kilometer frå Haukeland universitetssjukehus.
 
     – For det første får sjølvsagt pasientane i nærområdet kortare veg. For det andre er det ein fordel med kort veg til sjukehuset dersom noko skulle skje, enten at pasienten brått blir dårleg eller at utstyret sviktar. Vi flyttar ut dit pasientane er, men eininga er likevel tilknytt oss, presiserer han.

Tekst: Ragnhild Dårflot Olsen og Vigleik Brekke
Foto :  Kjell Andersland

publisert 18.10.2010