Dialogmøte med fylkesordføraren

Onsdag denne veka har ordførarane og rådmennene i region vest møte med fylkesordførar Tom-Christer Nilsen , fylkesvaraordførar Mona Hellesnes og leiar av samferdsleutvalet, Gustav Bahus.

 Tema for møtet er Nasjonal transportplan som no er ute til høyring.

– Eg er svært positiv til at fylkesordføraren med sine folk tek initiativ til slike dialogmøte med regionane. På denne måten kan vi staka ut kursen i kva som er viktig når det gjeld veg og planar, seier leiar av Regionrådet Vest, Ove Trellevik. Han viser også til at Regional transportplan er ute til høyring. Møtet vert halde på Fjell-ly, Møvik.

Tekst: Vigleik Brekke

publisert 14.05.2012