Dialog om viktige planar og samferdsleprosjekt

Den politiske leiinga i Hordaland fylkeskommune og ordførarane og rådmennene i region vest var 16. mai samla til dialogmøte på Fjell-ly (Møvik) om planstrategi og viktige samferdsleprosjekt.

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen

 Saman med fylkesvaraordførar Mona Hellesnes og leiar av samferdsleutvalet, Gustav Bahus møtte fylkesordførar Tom-Christer Nilsen kommunetoppane i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden kommunar.

På dialogmøtet vart det mellom anna samtalt om Nasjonal transportplan 2014-2023 og Regional transportplan for Hordaland 2013-2024.

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen var tydeleg på at sentrale prosjekt som Askøypakken, Sotrasambandet og vegprosjektet Os-Bergen ikkje kan innlemmast i ein regional transportpakke for bergensområdet i denne omgang.

– Desse prosjekta kan ikkje stoppa opp for å venta på andre prosessar, sa Tom-Christer Nilsen.

Han fekk tilslutnad for dette frå dei frammøtte. Nilsen signaliserte også ønske om å møta formannskapa i dei fire kommunane for å vidareføra dialogen om regionale planar og samferdsleprosjekt. I ein Regional transportplan for Hordaland er fylkesvegprosjekt som Askøypakken og vegprosjekt nord/sør på Sotra sentrale. Transportplanen for Hordaland er no lagt ut til offentleg høyring.

Sotrasambandet

Når det gjeld Sotrasambandet (kommunedelplan for delparsell Kolltveit-Storavatnet), viste Nilsen til at det ikkje er naturleg å laga planar som innebér at bybanen skal stoppa ved Storavatnet. Fylkeskommunen har i sin uttale til kommunedelplanen ikkje fremja motsegn til Sotrasambandet, men kome med ei oppmoding om å leggja til rette for bybane til Straume.

Styreleiar i Regionrådet Vest, Ove Trellevik

Leiar i regionrådet, Ove Trellevik orienterte om Regionrådet Vest. Han viste til at regionen har sin styrke i fiske, olje og gass.

– Det er både evne og vilje til å samarbeida i denne regionen. Regionen har kompetanse, næringsliv som veks sterkare enn folkeveksten, nærleik til Bergen og korte avstandar mellom sterke næringsområde. Målet er at dette skal verta den mest attraktive regionen i bergensregionen sa Ove Trellevik.

Tom-Christer Nilsen viste til at havbruk står sterkt i bergensområdet.

– Kombinasjon av eigarskap, industri og forsking ein har i bergensområdet er størst i verden, sa Nilsen.

Fylkesordføraren orienterte om dei planane som det vert arbeidd med i fylkeskommunen. Han ville gjerne ha tilbakemeldingar på dette og om det er aktuelt å utarbeida andre planar.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 17.05.2012