Brukar Gode Sirklar aktivt

Regionrådet Vest skal bruka næringsutviklingsselskapet Gode Sirklar til å følgja opp den strategiske næringsplanen som er utarbeidd av Business Region Bergen (BRB). Dette var ei av sakene Regionrådet Vest drøfta på styremøtet i dag (13.12).

Styret i regionrådet er samansett av ordførarane i dei fire samarbeidskommunane. Frå venstre Olav Martin Vik (Øygarden), Ove Bernt Trellevik (Sund), Eli Årdal Berland (Fjell) og Knut Hanselmann (Askøy).

Næringslivssamarbeid

Styret hadde invitert både BRB, Gode Sirklar, Askøy Næringslivsforening, næringssjefen i Askøy kommune og Vest Næringsråd til møtet. Det vart mellom anna drøfta kva forventningar dei ulike næringslivsaktørane, regionen og kommunane har til samarbeid.

Det var gjeve tilslutnad til Gode Sirklar sitt framlegg til oppfølging av den strategiske næringsplanen for bergensregionen. Det er planlagt å etablera eit prosjekt som vert leia av ei styringsgruppe med brei samansetjing. Gode Sirklar og næringssjefen i Askøy vert dei operative aktørane i prosjektet. Formålet er mellom anna å sikra at næringsplanar på lokalt nivå samsvarar med planar på regionalt nivå.

Vil gjerne ha Askøy kommune med i Gode Sirklar
I dag er det Fjell, Sund og Øygarden kommunar som er eigarar av Gode Sirklar AS. Styremedlemene frå desse tre kommunane gav i møtet uttrykk for eit ønske om at også Askøy kommune vert med i dette selskapet.

– Vi ser gjerne at Askøy kommune vert medeigar i Gode Sirklar. Regionrådet vil difor ta initiativ til at det vert teke formell kontakt med Askøy kommune der kommunen vert invitert til å verta med i Gode Sirklar, seier styreleiar i regionrådet, Olav Martin Vik.

Styret gav også tilslutnad til at Gode Sirklar gjennomfører ein analyse av korleis kommunane i regionen kan ha gjensidig nytte av kvarandre sine tenester (komparativ fordel). Denne saka kan verta sett i samanheng med Agenda AS sin rapport om «Regional utvikling og tenesteproduksjon».

Andre saker i styremøtet 13.12

Det vert kalla inn til det første formelle møtet i Tinget i Vest måndag 07.02.2011. Fylkesmann Lars Sponheim er invitert til dette møtet som vert halde på Askøy. Dette vert eit halvdagsmøte med tre hovuddelar med fagdel, informasjon og drøfting med sikte på å få politisk forankring. Tinget i Vest er samansett av formannskapa i dei fire kommunane.

Eit felles kriminalitetsførebyggjande prosjekt for dei fire kommunane skal setjast i gang og ta med seg tilrådingane i forprosjektet Felles Ansvar. Askøy kommune vert beden om å ta ansvaret for å samordna og leia prosjektet.

Rådmannsgruppa skal gjennomføra utgreiing av eit eventuelt felles tomteselskap for dei fire kommunane. Utgreiingsarbeidet skal leggjast fram for politisk godkjenning. I første omgang skal ein ta prinsipiell stilling til om det er aktuelt å gå vidare med planane om eit felles tomteselskap.

Styret drøfta kva rolle Regionrådet Vest kan ha med omsyn til Sotrasambandet og andre samferdsleprosjekt i regionen. Til neste møte skal det liggja føre konkrete forslag til kva rolle regionrådet kan ha i slike prosjekt.

Sekretariatet presenterte budsjettprogrammet for 2011 som syner aktivitetar og samarbeidsprosjekt som har ei totalramme på tre komma sju millionar kroner inklusive eksterne tilskot. Regionrådet har ikkje eige budsjett. Sekretariatskostnadene går på omgang. For 2010 og 2011 er det Øygarden kommune som har sekretariatsoppgåva.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 13.12.2010