– Bruk strategiske vener!

– Samarbeid byggjer på felles interesser, og det er viktig å ha strategiske vener. For fylkeskommunen er kommunane våre strategiske vener. Samarbeid er ikkje det same som konsensus, men på regionnivå er samarbeid avhengig av vilje til å samarbeida.

Fylkesrådmann Paul M. Nilsen

Det sa fylkesrådmann Paul M. Nilsen då han innleia på Tinget i Vest i Sund i dag med temaet «Kvifor regionalt samarbeid?». Tinget i Vest er samansett av formannskapa i dei fire kommunane i region vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Ei engasjert forsamling deltok i ordskiftet etter dei ulike innlegga. Nilsen synte til fleire vegprosjekt som døme på der samarbeid er viktig.

– Eg vil gje skryt både til Bømlo og Askøy kommunar som har utarbeidd vegpakkar. Prosjektet på Askøy er ikkje på stortingskartet ennå, men på god veg, sa Nilsen.

Sotrasambandet

Nilsen snakka også om Sotrasambandet.

– Alt ligg til rette for nytt sotrasamband. Problemstillingane på bergenssida vert nok løyst, det er eg ikkje uroleg for, men det er ei utfordring at prosjektet vil ta tid sjølv om alt går på skinner. Føresetnadene for at det skal gå bra ligg her i kommunane. Dersom ikkje kreftene vert sameina, stoppar det lett opp, sa fylkesrådmann Paul M. Nilsen.

Tankar om samarbeidet i regionrådet

Om lag 30 deltakarar var på plass på Tinget i Vest

Styreleiar Ove Bernt Trellevik (ordførar i Sund) tok opp spørsmålet om Regionrådet Vest har vorte det som var tanken bak etableringa. Ifølgje Trellevik har ein lukkast svært godt med samhandlingsreforma, medan samferdsleprosjekt i liten grad har vore på dagsorden.

– Dei ulike vegprosjekta som Sotrasambandet og Tverrsambandet har vore lite diskutert i regionrådet, sa Trellevik.

Sund-rådmann Gerhard Inge Storebø og rådmann i Fjell, Steinar Nesse, orienterte om ulike samarbeidsprosjekt i regi av Regionrådet Vest. Nesse presenterte fleire samhandlingsprosjekt som intermediær avdeling på Straume, palliativ avdeling på Askøy, Øyane DPS, dialysesatellitt og JordmorHeim. Intermediær avdeling er eit pilotprosjekt til eit lokalmedisinsk senter med ei rekkje helse- og omsorgstilbod.

 75 prosjekt

I tillegg til samhandlingsreforma med sine ulike prosjekt, er det lista opp rundt 75 ulike prosjekt og tiltak der to, tre eller fleire kommunar samarbeider.

Gerhard Inge Storebø synte særleg til IKKUS (Interkommunalt kultursamarbeid) som er bygd nedanfrå og leia av kultursjefane i dei fire samarbeidskommunane. Andre samarbeid og felles tiltak i regionen er mellom anna strategisk næringsplan, Trigger AS, felles finansieringsordning for private barnehagar, felles tilsynsordning for barnehagar, det kriminalitetsførebyggjande tiltaket Felles Ansvar, internkontroll for økonomi, interkommunalt skattekontor, Betre Saman for barna, IKT, plan og oppmåling, Agenda-rapport om regional utvikling og tenesteproduksjon.

– Konklusjonen er at det er eit stort potensiale for samarbeid, men kanskje bør det arbeidast meir med overordna strategiar, sa Storebø.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

 

 

 

publisert 13.02.2012