Barnevernet: Betre kvalitet på saksbehandlinga

Styrkinga av det kommunale barnevernet har gjeve betre kvalitet på saksbehandlinga, men ho kan framleis verta betre.

Det går fram av Fylkesmannen i Hordaland si vurdering av barnevernet i kommunane. Vurderinga er basert på tilsyn og tal frå kommunane. I 2012 var det registrert 4 703 nye meldingar. Dette er noko fleire enn i 2010. Ifølgje Fylkesmannen tek barneverntenesta i kommunane i større grad enn tidlegare tak i dei mest alvorlege sakene.

Frå 2010 til 2012 var det færre barn som fekk hjelpetiltak i heimen og fleire som trong omsorgstiltak utanfor heimen. Sakene ser ut til å krevja meir omfattande oppfølging. Samstundes som fleire barn ser ut til å ha behov for plassering utanfor heimen, vert det færre omsorgsplassar i statleg regi.

Kvalitet på saksbehandlinga

Dei fire kommunane i region vest samarbeider i prosjektet "Betre saman for barna". Her frå ein konferanse på Sandsli i september i fjor. På biletet; fylkesnemndleiar Kirsti Strømstad.

Fylkesmannen gjev altså ros for betre kvalitet på saksbehandlinga. Likevel meiner han at fleire kommunar må ta i bruk metodar som gjev meir systematiske undersøkingar. Enkelte kommunar manglar også juridiske kunnskapar.

Fylkesmannen avsluttar med at regjeringa si satsing på vidare styrking av stillingar, kompetanse og samhandlingstiltak i 20123 vil vera til god hjelp i kvalitetsforbetringa i barnevernet. Fylkesmannen har og tru på meir interkommunalt samarbeid.

Dei fire kommunane i region vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden, har gjennom prosjektet Betre saman for barna fremja to saker for kommunane knytt til barnevern. Dette gjeld samarbeid om barnevernsvakt og etablering av felleskontor for oppfølging av forsterheimsplasserte barn. Så langt  har Øygarden og Askøy kommunar gjeve sin tilslutnad til fellesprosjekta. Fjell og Sund kommunar har ikkje hatt sakene til behandlinga ennå. Komité for drift i Fjell kommune har sakene til behandling tysdag 5. mars.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 04.03.2013