Barnas følsame hjerne

Dei 200 deltakarane på Oktoberseminaret på Solstrand om psykisk helse for barn og unge fekk i går ei grundig innføring i nevroaffektiv utviklingspsykologi ved den kjente danske føredragshaldaren Susan Hart. 

Susan Hart

Det er Susan Hart sjølv som har utvikla nevroaffektiv utviklingspsykologi. Ho har gjeve ut fleire bøker som er oversett til norsk og engelsk. Nevroaffektiv utviklingspsykologi er ei brubygging mellom utviklingspsykologi og ny hjerneforsking. I føredraget på Solstrand understreka Hart at det første leveåret er svært avgjerande for utviklinga hjå barnet. Ho viste til fleire døme på korleis nervesystemet vert prega gjennom den stimuleringa det får.

– Barnet sin relasjon til «betydningsfulle» vaksne set sine spor og vert integrert i det nevrale kretsløpet. Alle barn har frå fødselen eit grunnleggjande behov for hjelp til fysisk sjølvregulering. Den kjenslemessige utviklinga er like viktig som den kognitive og motoriske utviklinga, sa Susan Hart.

Gårsdagen vart avslutta med ein panelsamtale mellom psykolog Haldor Øvreeide, barnehagesjef i Fjell, Margun Landro, Arne Blindheim frå Senter for krisepsykologi, Reidun Dybsland frå Regionalt ressurssenter for vold og traumatisk stress (RVTS), psykiater og leiar i BUP Åsane, Ingvild Brunborg Morton, og tidlegare leiar i RVTS, Dag Nordanger. I panelsamtalen vart det mellom anna samtalt om korleis denne forma for utviklingspsykologi konkret kan nyttast i arbeidet med psykisk helse og barn og unge i vår region.

200 deltakarar var samla på Solstrand denne veka

I dag skal Mette Bengtson frå Helsedirektoratet snakka om kva føringar som gjeld for psykisk helsearbeid med barn og unge knytt til samhandlingsreforma. Mariann Kjelby i Fjell kommune orienterer om valds- og overgrepsteamet i kommunen, medan prosjektleiar i Regionrådet Vest, Torgeir Sæter, gjev informasjon om prosjektet «Betre saman for barna». Det vert også orientering frå Senter mot incest og seksuelle overgrep i Hordaland.

Frå starten av var Oktoberseminaret eit seminar i regi av Fjell kommune. Seinare vart det gjennomført i samarbeid med Helse Bergen. Dei tre siste åra er også nabokommunane Askøy, Sund og Øygarden med som arrangør. Dette er eitt av mange døme på samarbeid mellom dei fire kommunane i region vest og Helse Bergen.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 31.10.2012