Askøy melder seg ut av Regionrådet Vest

Askøy kommunestyre har vedteke å melda seg ut av Regionrådet Vest. Vedtaket vart gjort på kommunestyremøtet 18. desember. Utmeldinga vert gjort gjeldande frå 1. januar 2016.

IMGP4952

Frå panelsamtale på Tinget i Vest 7. april 2014 på Askøy.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 
Regionrådet Vest vart etablert for fem år sidan av dei fire kommunane i region vest; Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Styret er samansett av ordførarane i dei samarbeidande kommunane. For tida er Fjell-ordførar Eli Årdal Berland styreleiar. I tillegg til styreverksemd, vert det arrangert Tinget i Vest. Tinget er samansett av formannskapa i kommunane.

Sidan oppstarten i 2010 er det gjennomført ei rekkje samarbeidsprosjekt. Frå 2014 har regionrådet fått ei koordinerande rolle i samband med søknadsprosessen for tildeling skjønsmidlar frå Fylkesmannen.

I saksutgreiinga til Askøy kommunestyre går det fram at gjennom samarbeidet har ein fått mykje til innanfor områda kultur, helse, arealforvaltning (strandsone) og teknisk sektor. Det vert også vist til at Askøy kommunestyre vedtok i 2013 å ikkje delta i prosjekt om kommunestruktur i samarbeid med nabokommunane. Det vert konkludert med at det kan vera like naturleg og rett å samarbeida frå prosjekt til prosjekt.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 07.01.2015