Årsmelding Regionrådet Vest for 2018

Regionrådet har godkjent årsmelding for Regionrådet Vest for 2018.
Logo RRV

I årsmeldinga er det mellom anna omtale av tildeling av skjønsmidlar, kommunereforma, vidaregåande utdanning i kombinasjon med høgskuleutdanning, Havrom 2018 og framtida for Gründerparken Vest.

I årsmeldinga vert det vist til at når Nye Øygarden kommune er etablert frå januar 2020, er i prinsippet grunnlaget for Regionrådet Vest vekke. Det er likevel viktig å drøfta nye samhandlingsarenaer og nye regionrådsgrenser basert på det nye kommunekartet frå 2020. Frå januar 2020 vert Bergen kommune omkransa av fire kommunar med totalt 120 tusen innbyggjarar.

– Regionrådet Vest ønskjer å reisa debatten om korleis desse kommunane skal møta felles utfordringar og strategiar i tida som kjem, heiter det i årsmeldinga.

Årsmeldinga vert lagt inn som ein del av årsmeldinga for dei tre kommunane, Sund, Fjell og Øygarden.

Her kan du lesa årsmelding for Regionrådet Vest for 2018.

Tekst: Vigleik Brekke

publisert 27.03.2019