Analyserer havbruksnæringa

Arbeidet med havroms- og moglegheitsanalyse for havbruksnæringa i Sund, Fjell og Øygarden er venta avslutta til nyttår. Det opplyste prosjektleiar Arnt-Ivar Kverndal på møtet i Regionrådet Vest i dag (3. juni).

Arnt-Ivar Kverndal

Arnt-Ivar Kverndal

I 2017 innførte Nærings- og fiskeridepartementet eit såkalla «trafikklys-system» der kysten er delt inn i 13 produksjonsområde som er farga med grøne, gule og raude lys, alt etter kor store konsekvensar næringa har på miljøet. Sund, Fjell og Øygarden ligg i område tre og fire, og pr. dato er Sund og Fjell i raud sone, medan Øygarden kommune er i gul sone. Dersom området ligg i raud sone, vil det få konsekvensar for omfanget for framtidig produksjon etter 2019.

Difor har regionrådet teke initiativ til å gjennomføra ein havroms- og moglegheitsanalyse. Dei tre kommunane har løyvd eín million kroner til å gjennomføra analysen. Arnt-Ivar Kverndal opplyste at etter ein anbodsrunde, er det inngått avtale med Akvaplan Niva med ei ramme på 820 tusen kroner.

– Vi er komne godt i gang. Vi hadde startmøte den 7. mai, og før ferien arbeider vi med å henta inn kunnskap og få kartlagt no-situasjonen. Det er grunn til å tru at sluttrapporten vil liggja føre til nyttår, opplyste Kverndal på møtet. Han understreka kor viktig det er at kommunane brukar analysen som grunnlag for kommuneplanarbeidet og avsetjing av areal til havbruksnæringa.

Leiar av regionrådet, Sund-ordførar Kari-Anne Landro, var godt nøgd med det ho høyrde.

– Pengane som kommunane har løyvd, er godt forvalta, konkluderte Landro.

Utdanningsprosjekt

Kommunalsjef for skule og barnehage i Øygarden og frå nyttår, assisterande kommunalsjef i Kultur og samfunn, Rune Landro, orienterte om status for «Framtida kunnskapsklunge i Nye Øygarden kommune». Prosjektet har gått føre seg i om lag eitt og eit halvt år og er inne i sluttfasen. Målet var å vera i forkant når det gjeld samordning og samhandling om planlegging av ny vidaregåande skule og å bidra til å skapa ein attraktiv region. Dette krev samhandling mellom utdanningssektoren i heile utdanningsløpet og privat og offentleg sektor.

– Eitt av måla er at den nye vidaregåande skulen kan verta ein «universitetsskule» der til dømes studentane på høgskule- og universitetsnivå kan få praksis på den vidaregåande skulen. Aktørane vi har vore i kontakt med, har vore positive til dei ideane vi har i dette prosjektet. Det er viktig at innhaldet i prosjektet vert forankra i den nye kommunen, sa Rune Landro.

I prosjektet er det utarbeidd tre arbeidspakkar; brubygging, etter- og vidareutdanning og visjon om funksjon. Prosjektet vert avslutta i desse dagar, og det skal skrivast ein sluttrapport.

Leiar i regionrådet, Kari-Anne Landro, fekk støtte for sitt forslag om at regionbrådet leverer frå seg ei oppsummering i brev/skriv til fellesnemnda for å sikra vidareføring av arbeidet.

Rune Landro

Rune Landro

       Skjønsmidlar

Regionrådet har som oppgåve å prioritera mellom søknader frå kommunane om skjønstilskot frå Fylkesmannen. Det vart søkt om midlar til fire prosjekt i 2019. Fylkesmannen tildelte midlar til to prosjekt:

  • Førebyggjande rustiltak for ungdom i kommunane             900 000,-
  • Rehabilitering først                                                                 1 600 000,-

Begge prosjekta er eit samarbeid mellom dei tre kommunane Sund, Fjell og Øygarden.

Til møtet låg det også føre orienteringssak om status for prosjektet «Barnevernssamarbeid» som fekk skjønsmidlar i 2018. Regionrådet tok saka til orientering.

Det vert kalla inn til eit avslutningsmøte for regionrådet i september. Til møtet skal det liggja føre ei oppsummering av arbeidet i regionrådet som vart etablert i 2010.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 03.06.2019