Alle i arbeid

Prosjektet «Betre saman for barna» er no i ein overgangsfase frå forprosjekt til hovudprosjekt. Rundt 50 deltakarar frå samarbeidskommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden, Helse Bergen, politiet og Bufetat var samla i Strusshamn tysdag 29. mars på Kick off.

Svein Lyngroth og Torgeir Sæter

På dette arbeidsseminaret skulle seks tverrfaglege arbeidsgrupper, med deltakarar frå alle samarbeidskommunane, starta sitt arbeid med tiltaksmodellen. Tiltaksmodellen er delt inn i seks tiltak; primærførebyggjande tiltak, sekundærførebyggjande tiltak, stabiliserande tiltak, endringstiltak, fosterheim  
  og institusjon.

Rådmannsgruppa i Regionrådet Vest er styringsgruppa for prosjektet, og rådmann i Øygarden Torgeir Sæter er initiativtakar og kontaktpersonen mot styringsgruppa. Svein Lyngroth frå Agenda Kaupang er prosjektleiar i forprosjektperioden. Om kort tid vil det verta tilsett prosjektleiar for hovudprosjektet for treårsperioden fram til 2013. I løpet av april er det venta at alle samarbeidskommunane har gjeve politisk klarsignal for å fullføra prosjektet fram til 2013.

  Samhandling

Arbeidsgruppene i arbeid. Frå venstre: Kate Solsvik (Øygarden), Sølvi Vindenes (Sund) og Astrid Soltvedt (Fjell)

– Vi ønskjer å utvikla eit barnevern med tidleg og heilskapleg innsats. Det er gjerne slik at ein kommune har eit tilbod som andre kommunar kan nytta, og det handlar i stor grad om å samordna og samhandla. No er det opp til dykk korleis resultatet av dette prosjektet skal verta, sa Torgeir Sæter då han ønskte velkomen til arbeidsseminaret i Møllesalen i Strusshamn.

Det er førebels uvisst kor mykje eksterne midlar prosjektet vil få. Det har mellom anna vore møte med Barne- , likestillings- og inkluderingsdepartementet, og det er venta svar på søknaden om økonomisk støtte i løpet av dette halvåret.

  Prosjektleiar er snart på plass

Arbeidsgruppene i arbeid. Frå venstre Lisbeth Marie Aasebø (Askøy), Birthe Berntsen (Askøy) og Knut Oma (familevernkontoret, Straume)

I løpet av hausten 2011 skal arbeidsgruppene presentera konkrete forslag til tiltak. Prosjektleiaren, som truleg vert tilsett før sommaren, skal driva fram arbeidet, medan svein Lyngroth skal ha ei koordinerande rolle.

– Vi vil arbeida fram alternative karrierevegar for tilsette i barnevernet. Spørsmålet er om kvar kommune skal ha juridisk spisskompetanse eller om ein skal ha dette felles, sa Svein Lyngroth før arbeidsgruppene starta drøftinga i arbeidsgruppene.

Sjå reportasje på heimesida til BarnsBeste (Nasjonalt kompetansesenter for barn som pårørende).

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 29.03.2011