Aktivt år for Regionrådet Vest

Regionrådet Vest, som vart etablert i januar 2010, har fullført det tredje året sitt. 

Styret i Regionrådet Vest er samansett av ordførarane i dei fire samarbeidskommunane. Frå venstre; Otto Harkestad (Øygarden), Siv Høgtun (Askøy), Eli Årdal Berland (Fjell) og Ove Trellevik (Sund).

I årsrapporten for 2012 vert det vist til eit omfattande samarbeid om ei rekkje prosjekt. Regionrådet er eit rådgjevande og koordinerande organ for kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Rådet skal fremja forpliktande samarbeid mellom kommunane og vidareutvikling av regionen.

Sekretariatsfunksjonen er lagt til den kommunen som har styreleiar. For tida er Sund-ordførar Ove Trellevik leiar i styret. Fjell-ordførar Eli Årdal Berland er nestleiar. 

Les  årsrapporten her.

publisert 22.03.2013