Skal velja ny leiar i regionrådet

På møtet i Regionrådet Vest måndag 21. november skal det veljast nytt styre.

I den første perioden har Olav Martin Vik (ordførar i Øygarden 2007-2011) vore styreleiar, medan Knut Hanselmann (ordførar i Askøy 2007-2011) har hatt vervet som nestleiar i styret. Av vedtektene går det fram at

Øygarden rådhus

sekretariatsfunksjonen skal gå på omgang og at det er Sund kommune som skal ha denne funksjonen dei neste to åra. Vertskap for møtet på måndag er Øygarden kommune.

Strategisk næringsplan

Gode Sirklar AS og næringssjefen i Askøy kommune skal presentera ein rapport om arbeidet med oppfølging av Strategisk næringsplan (SNP) for bergensregionen. Det er laga ei oppsummering av framlegget til prioriterte tiltak frå ei styringsgruppe. 

IKT-samarbeid

Etter at det i august 2010 vart vedteke å etablera eit forpliktande IKT-samarbeid i region vest er det utarbeidd ein forprosjektrapport  som har vore til høyring i dei fire kommunane i samarbeidet; Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Det ligg føre eit framlegg der det vert etablert eit forpliktande IKT-driftssamarbeid mellom kommunane Askøy Sund og Øygarden. Fjell kommune vert fortløpande invitert til å ta del i dette samarbeidet. Det er vidare forslag om å etablera eit strategisk IKT-samarbeid for alle dei fire kommunane.

 Andre saker på møtet er sjølvbyggjarprosjekt, Regionrådet Vest si rolle og innhald dei neste fire åra og tema i tingsete (Tinget i vest) i februar 2012.

Tekst: Vigleik Brekke

publisert 17.11.2011