700 tusen til samarbeidsprosjekt

Fylkesmannen har løyvd totalt 700 tusen kroner til ulike samarbeidsprosjekt i regi av Regionrådet vest. Pengane skal gå til utgreiing av kriminalitetsførebyggjande tiltak, samarbeid om barnevern, og fellesprosjekt knytt til byggje- og plansaker for kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. 

Rådmann i Øygarden, Torgeir Sæter

– Det er gledeleg at vi får desse pengane. Eg oppfattar det slik at Fylkesmannen med desse løyvingane ser at tiltaka er viktige og at dei er i samsvar med nasjonale satsingsområde, seier rådmann i Øygarden, Torgeir Sæter. Han er koordinator for prosjekta.
Konkret har Fylkesmannen ved skjøn løyvd pengar til følgjande prosjekt i regi av Regionrådet Vest:
• 400 tusen kroner til eit prosjekt om å innføra felles sakshandsaming for plan og byggjesaker
• 100 tusen kroner til interkommunalt utviklingssamarbeid om kart
• 100 tusen kroner for gjennomgang av noverande organisering av barnevernet og synleggjering av løysingar som kan gje betre og meir effektivt barnevern
• 100 tusen kroner til kriminalitetsførebyggjande tiltak i regionen
Målsetjinga med kriminalitetsførebyggjande tiltak er å gje betre tilbod til ungdom som er komen i kontakt med rus og kriminalitet. Ifølgje Fylkesmannen er det behov for å styrkja innsatsen i regionen for dei ungdomane som er risikoutsett. Tiltaket er eit samarbeid mellom kommunane, politiet, frivillige og næringslivet.

 

08.07.2010
Tekst: Vigleik Brekke

publisert 25.08.2010