Lysbakken i Øygarden og Fjell

Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken gjev gode tilbakemeldingar på barnevernsarbeidet i regionen.

I dag (24.05.) var han på besøk i Øygarden og Fjell og fekk orientering om Familiens Hus i Øygarden og

Kommune- og fylkespolitikar Aud Karin Oen (SV) og statsråd Audun Lysbakken

samhandlingsprosjektet «Betre saman for barna» der kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden har eit tett samarbeid.

 – Det er utruleg interessant å høyra dei erfaringane de har med Familiens Hus, og mange kan læra av dykk, sa statsråden etter at einingsleiar Anna Nesje Nes hadde gjeve informasjon om det tverrfaglege tilbodet Familiens Hus. På rådhuset i Øygarden var ordførar Olav Martin Vik, administrasjon og lokalpolitikarar frå SV på plass onsdag føremiddag for å ta imot statsråden.

 – I denne regionen er det ei ung befolkning, og det er spennande ting på gang her. Generelt er det ei utfordring å utvikla eit godt samarbeid mellom det statlege og kommunale nivået og i kommunen, sa Lysbakken før han ønskte lukke til i arbeidet vidare. 

 Familiens Hus

– Vi er stolte av at vi etablerte det første Familiens Hus i Hordaland, sa Anna Nesje Nes.

 Arbeidet med Familiens Hus starta opp då det i 2007 vart avgjort at hjelpetenestene skulle omorganiserast. Det vert lagt stor vekt på førebyggjande arbeid i tidleg alder. Tenestene i Familiens Hus er samansett av helsestasjon, psykisk helse, barnevern, PPT og familiesenter.

 -Medarbeidarane er kreative, positive og endringsvillige, og kommuneleiinga er villige til å tenkja nytt, sa einingsleiaren.

 «Betre saman for barna»

Litt seinare på føremiddagen kunne Fjell-ordførar Eli Årdal Berland ønskja statsråd Audun Lysbakken velkomen til rådhuset i Fjell der han fekk informasjon om samhandlingsprosjektet «Betre saman for barna». Dette er eit samarbeid mellom kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.

– Vi ønskjer å etablera eit heilskapleg godt tilbod der vi vrir innsatsen frå reparasjon til førebygging med tidleg samordna innsats, sa prosjektleiar Svein Lyngroth. Ifølgje Lyngroth har alle dei involverte i prosjektet vist eit uvanleg stort engasjement.

Han har leia dette arbeidet i prosjektperioden. Om kort tid skal ein nytilsett prosjektleiar overta arbeidet med hovudprosjektet som varer fram til våren 2013. Det er søkt om statlege midlar til dette prosjektet, og det er venta svar på søknaden i løpet av dette halvåret. I prosjektet vert det mellom anna arbeidd med kva oppgåver som kan overførast frå statleg til kommunalt nivå.

 – Departementet skal i løpet av denne stortingsperioden sjå på oppgåvefordelinga mellom stat og kommune når det gjeld barnevern. Difor har vi vore avventande til søknader med endring av oppgåvefordelinga. Men vi skal likevel sjå på søknaden om statleg støtte, sa Audun Lysbakken.

Han understreka at det har vore to hovudutfordringar for barnevernet den siste tida. Det første er det akutte behov for ekstraressursar, og difor har departementet fordelt ut ekstramidlar til kommunane i 2011. Den andre utfordringa er organiseringa av barnevernet og få til tidleg innsats for dei barna som treng hjelp.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 24.05.2011