Rådmannsmøte i Øygarden

I strålande sol ønskte rådmannen i Øygarden, Torgeir Sæter, i går (14.03.) naborådmennene i Fjell, Sund og Askøy velkomen til det nye rådhuset på Rong.

Utsikt frå rådhuset mot den nordre delen av Askøy

I regi av Regionrådet Vest har rådmennene i dei fire kommunane jamlege møte der dei legg grunnlaget for og førebur saker for styret i regionrådet. Rådmennene har også tale- og forslagsrett i styremøta i regionrådet.
– I tillegg følgjer vi opp fortløpande oppgåver og interkommunale prosjekt i regionrådet, seier Torgeir Sæter.

– Kva betyr det for rådmennene å ha eit slikt samarbeidsforum?

– Vi har samarbeid mellom kommunane både på rådmannsnivå og andre nivå i organisasjonen. Det er svært verdifullt at vi kan møtast for å verta kjent og verta trygge på kvarandre. På denne måten kan vi løysa oppgåvene på ein sikker og god måte og oppnå gode resultat, seier Torgeir Sæter.

Rådmann i Øygarden, Torgeir Sæter

På møtet i går drøfta rådmennene mellom anna oppfølging av prosjektet «Felles Ansvar» retta mot risikoutsett ungdom, barnevernprosjektet «Betre saman for barna», felles forliksråd, samarbeid om kartprogramvare (Kartikus) og regionrådet si rolle i større vegprosjekt.

Rådmannsgruppa i arbeid. Frå venstre: Gerhard Inge Storebø (Sund), Steinar Nesse (Fjell), Odd Magne Utkilen (Askøy), Torgeir Sæter (Øygarden), Per Hillestad (sekretær) og Dag Thorvaldsen (sekretær).

Komande måndag er det styremøte i Regionrådet Vest. Møtet skal denne gongen haldast i Sund.

publisert 15.03.2011