500 tusen til førebygging av ekstremisme

Justis- og beredskapsdepartementet har tildelt 500 tusen kroner til prosjektet «Kraftsenter for inkludering i Fjell, Sund og Øygarden».

Odd Dale

Lensmann Odd Dale og hans folk er sentrale i arbeidet i arbeidet mot radikalisering og valdeleg ekstremisme.

I politirådet i april vart det avgjort at det skulle sendast inn ein søknad om støtte til førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme.

Departementet har fordelt totalt 10 millionar kroner til konkrete kommunale prosjekt innan dette området og tildelt midlane til prosjekt der totalt 62 kommunar og bydelar er involverte.

Tildelingsbeløpet til prosjektet i vår region er halvparten av søknadsbeløpet, og departementet vert om at midlane vert disponert formålstenleg i samsvar med formålet med tilskotsordning.

 

 

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Ingunn Teigen, Øygarden kommune

publisert 30.05.2016