49 mill. i samhandlingsmidlar til region vest

Kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden får til saman 49 millionar kroner i samhandlingsmidlar i 2012. Den samla veksten i dei frie inntektene for kommunane neste år vert om lag fire milliardar kroner.
 
 

 

Rådmann i Fjell Steinar Nesse og ordførar Eli Årdal Berland tok imot statsråd Liv Signe Navarsete før omvisninga

Midlane til kommunane i region vest er fordelt slik: Askøy 21,7 mill, Fjell 17,8 mill., Sund 5,5 mill. og Øygarden 4,2 mill. 

– Midlane vert fordelte gjennom inntektssystemet etter alderssamansetjinga i befolkninga. Mange kommunar er godt i gang med samhandling, og her i Fjell og nabokommunane er de i forkant ved å gje behandling før pasientane er utskrivingsklare, sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete då ho valde å leggja fram kommuneproposisjonen for 2012 i Fjell.

Frå og med 2012 vert det innført kommunal medfinansiering av spesialisthelsetenesta og kommunalt betalingsansvar for utskrivingsklare pasientar.

I forkant av presentasjonen av det økonomiske opplegget for kommunane neste år, var det omvisning i det nye Øyane distriktspsykiatriske senter (Øyane DPS), Straume terapisenter og intermediær avdeling på Straume.  Representantar frå dei fire kommunane presenterte ulike samhandlingsprosjekt i regionen.

– Eg vil gje ros til Helse Bergen og kommunane her ute, og andre har noko å læra her. Mykje er bygd opp med eigne midlar, og dette vert gjort fordi de ser at dette gjev gode tilbod for innbyggjarane, sa Navarsete. 

Samhandlingsprosjekt i region vest

Saman med Helse Bergen og nabokommunane Askøy, Sund og Øygarden i region vest, har Fjell utvikla fleire samhandlingsprosjekt. Dette gjeld mellom anna intermediær avdeling på Straume som er eit pilotprosjekt til eit nytt lokalmedisinsk senter på Straume og ei palliativ avdeling (lindrande behandling) lokalisert på Kleppestø på Askøy.  I januar var det oppstart av JordmorHeim-prosjektet i Fjell (Helse Bergen og Fjell kommune).

 Andre samarbeidsprosjekt med Helse Bergen er dialysesatellitten på Straume og Øyane distriktspsykiatriske senter (Øyane DPS) på Straume. I desse prosjekta er Fjell kommune huseigar, medan Helse Bergen står for drifta.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 13.05.2011