4,4 mill. i skjønsmidlar til region vest

Fylkesmannen har tildelt totalt 4,4 millionar kroner i skjønsmidlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt til prosjekt der kommunane i regionen vår er involverte.

Frå styremøtet på Askøy den 9. mars då det vart prioritert mellom prosjektsøknadene.

Frå styremøtet på Askøy den 9. mars då det vart prioritert mellom prosjektsøknadene.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fylkesmannen har tidlegare fordelt 107,2 millionar kroner av den samla skjønsramma. I denne tildelinga har han løyvd totalt 13,3 millionar kroner til kommunane i fylket. Det kom inn søknader om totalt 28,6 millionar kroner.

Fylkesmannen har i stor grad lagt til grunn regionråda sine prioriteringar ved tildelinga.

Det største enkeltbeløpet går til Askøy kommune som får 1,3 millionar kroner som kompensasjon for ekstraordinære utgifter knytt til barnevern.

I region vest har kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden samarbeid om dei fleste prosjekta.

Tildeling skjønsmidlar Fylkesmannen

Fjell: Kunnskapstilfang til nytte for lokalmedisinsk senter
Askøy, Fjell, Sund og Øygarden                                                                  100 000

Øygarden: Utvikling av pilot innan habilitering og rehabilitering
Askøy, Fjell, Sund og Øygarden                                                                  800 000

Fjell: Kommunen som samskapar med frivillig og privat sektor
Askøy, Fjell, Sund og Øygarden                                                                  200 000

Fjell: JordmorHeim Fjell, Sund og Øygarden                      100 000

Bergen: Utvida resipientundersøking av fjordsystem
rundt Bergen Bla. anna Askøy, Fjell og Sund                     650 000

Askøy: Prosjekt skulevegring                                         200 000

Askøy: Prosjekt heilskap og involvering
knytt til barn og unge 0-20 år                                       600 000

Askøy: Kompensasjon knytt til ekstraordinære utgifter
til barnevern                                                            1 300 000

Fjell: Kartlegging av eksplosivfare og
miljøforureining ved Fjell festning                                    460 000

Les tildelingslista her.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 05.05.2015