3,45 millionar i skjønsmidlar til regionen vår

Fylkesmannen har tildelt 3,45 millionar kroner til sju prosjekt i kommunane Fjell, Sund og Øygarden. Dei fleste prosjekta er eit samarbeid mellom alle dei tre kommunane. Totalt har Fylkesmannen løyvd 18,5 millionar kroner til ei rekkje prosjekt i fylket.

 

Fylkesmannen har lytta godt til tilrådingane styret i Reginorådet Vest gjorde i februar.

Fylkesmannen har lytta godt til tilrådingane styret i Regionorådet Vest gjorde i februar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I stor grad samsvarar tildelinga med tilrådinga frå Regionrådet Vest. Regionrådet har prioritert lokale/interkommunale tiltak for utvikling av framtidsretta og gode omsorgstenester, samfunnstryggleik og beredskap og interkommunale samarbeidsprosjekt som kan førebu framtidig kommunesamanslåing.

Her er prosjekta som har fått skjønsmidlar

  • Etablering av vertskommunesamarbeid innan
    barnevern (Sund og Fjell)                                             900 000
  • VEST-ekstra, frivillig innsats helse og omsorg
    (vidareføring)                                                              200 000
  • Velferdsteknologi i Vest                                                300 000
  • Integrering av flyktningar gjennom arbeid (Fjell)            700 000
  • Felles kommune-ROS for Fjell, Sund og Øygarden          150 000
  • Prosjekt Ein identitet til alt. Fjell, Sund og Øygarden       600 000
  • Kartlegging, effektivisering og digitalisering av
    arkiv i Fjell, Sund og Øygarden                                     600 000

Her kan du lesa meir om prosjekta.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 26.04.2017