3,45 millionar i skjønsmidlar til regionen

Fylkesmannen har tildelt totalt 3,45 millionar kroner til fire fornyings- og innovasjonsprosjekt i Fjell, Sund og Øygarden. Alle dei fire prosjekta er eit samarbeid mellom dei tre kommunane.

demo-leil-3387

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det er tildelt 1,8 millionar kroner til «Regionalt barnevernsamarbeid«. Dette er ei vidareutvikling av felles barnevernvakt.

Prosjektet «Velferdsteknologi i vest» får eín million kroner. Dette prosjektet skal leggja til rette for at menneske med omsorgsbehov betre kan meistra eige liv og helse og hjelpa til at fleire kan kjenna seg trygge og bu lengre i eigen heim.

Fylkesmannen har vidare tildelt 500 tusen kroner til «Vest ekstrautvikling av modell for frivillig innsats retta mot helse- og omsorgssektoren». I dette prosjektet skal det utviklast ein modell for nye frivillige tenester retta mot helse- og omsorgsfeltet.

Det er også tildelt 150 tusen kroner til «Felles kompetanseheving av beredskapsarbeid». Målet er å få gjennomført opplæring i kommunal krisehandtering, arbeid i stab og krisekommunikasjon.

I denne runden er det tildelt 14,75 millionar kroner til 32 prosjekt i Hordaland. Det står no igjen om lag 18,5 millionar kroner i skjønsmidlar for dette året. Dette vert fordelt til prosjekt knytt til busetjing av flyktningar, satsing mot barnefattigdom og generell fordeling i året og til uventa hendingar.

publisert 25.04.2016