3,2 millionar i skjønsmidlar til region vest

Fylkesmannen har fordelt 3,2 millionar kroner til seks fornyings- og utviklingsprosjekt i dei fire kommunane i region vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. 

Fylkesmannen har løyvd midlar til vidareutvikling av Frisklivs- og meistringssenteret.

Fylkesmannen har løyvd midlar til vidareutvikling av Frisklivs- og meistringssenteret.

Fem av løyvingane går til fellestiltak i kommunane. Askøy kommune har i tillegg fått 310 tusen kroner til frisklivssentral  som ein del av tenestetilbodet til kreftpasientar på Askøy.

Det største enkeltbeløpet til barnevern. Det er løyvd 1,25  millionar kroner til regionale tiltak innan barnevern. Vidare er det løyvd 800 tusen kroner til kompetanseheving i samband med kommunereforma.

Dei andre løyvingane går til vidareutvikling av frisklivs- og meistringssenteret i regionen (310 tusen kroner), bygningsvernkonsulent i region vest (285 tusen kroner) og 250 tusen kroner til debatt og opplæring på tvers som er eit tiltak i regi av biblioteka i dei fire kommunane i regionen.

For første gong har Fylkesmannen denne gongen fordelt etter ei prioritering frå regionråda som no har fått ei koordinerande rolle i samband med søknadsprosessen. I tildelingsbrevet skriv Fylkesmannen at han i stor grad har bygd på regionråda sine prioriteringar mellom prosjektsøknadene.

Totalt vart det ved denne tildelinga fordelt 16,7 millionar kroner til ulike prosjekt i kommunane i Hordaland.Det kom inn 61 søknader. 31 prosjekt fekk tildelt midlar.

Tekst: Vigleik Brekke

publisert 04.09.2014