300 tusen kroner til felles ROS-analyse

Fylkesmannen har fordelt 300 tusen kroner i skjønstilskot til interkommunalt beredskapsarbeid til fem kommunar i vest.

Frå møtet i beredskapsrådet i Fjell rådhus 11. september om felles ROS-analyse for kommunar i vest

Kommunane Askøy, Sund, Øygarden, Austevoll og Fjell har starta opp arbeidet med å utarbeida ein overordna felles ROS-analyse (risiko- og sårbarheitsanalyse). Etter planen skal ROS-analysen vera utarbeidd i løpet av 2013.

Fylkesmannen ønskjer at kommunane samarbeider om dette. På «oppstartmøtet» i Fjell i september sa fylkesberedskapssjef hjå Fylkesmann, Arve Meidell, at både offentlege og private aktørar må samarbeida om risiko- og sårbarheit. Ei prosjektgruppe følgjer opp arbeidet med felles ROS-analyse for dei fem kommunane.

publisert 29.10.2012