2,8 mill. til trafikksikring i region vest

Fylkeskommunen har fordelt 31 millionar kroner til trafikksikring i kommunane i fylket. Det er sett av 2,8 millionar kroner til tiltak i Fjell, Sund og Øygarden.

_IGP6654-H800

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Statens vegvesen har fordelt 1,5 millionar til lysregulert gangfelt og vegljos på strekninga Fjell Glomsen/Spjeld-Ågotnes på fylkesveg 561 og 400 tusen kroner til flytting av gangfelt og etablering av landingsareal på fylkesveg 211 ved Landro skule i Fjell.

Fylkeskommunen har fordelt 600 tusen kroner til flytting av busshaldeplass på fylkesveg 561 ved Toftøy i Øygarden, og vegkontoret har sett av 300 tusen kroner til siktrydding ved kryssingspunkt på Litle Sangolt i Sund.

Hordaland fylkeskommune opplyser på nettsida si at alle tiltaka er knytt til punktutbetringar på fylkesvegnettet og/eller å gjera skulevegen tryggare for innbyggjarane i fylket. Dette skal hjelpa til å redusera skadepotensialet i trafikken og i beste fall unngå tap av liv eller alvorlege skader.

I tillegg til konkrete tiltak er det sett av fire millionar kroner til mindre asfalttiltak og punkutbetring og 1,5 millionar kroner til skogrydding for betre sikt.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

 

 

publisert 25.05.2016