250 tusen til felles MOT-prosjekt

– Sparebanken Vest viser sitt samfunnsansvar når banken deler ut eit slik stor gåve til arbeid blant barn og unge.

Glade mottakarar av pengar frå sparebanken. Frå venstre; Vigdis Taranger (Fjell), Øyvind Solsvik (Øygarden), Stine Raa (Fjell) og Vibeke Berge (Sund).

Glade mottakarar av pengar frå sparebanken. Frå venstre; Vigdis Taranger (Fjell), Øyvind Solsvik (Øygarden), Stine Raa (Fjell) og Vibeke Berge (Sund).

Det seier kultursjef Lennart Fjell etter at Sparebanken Vest fredag kveld overrekte 250 tusen kroner til eit planlagt stort felles MOT-arrangement i 2015. På eit arrangement på Sotraplassen fredag kveld i sist veke delte banken ut totalt eín million til ulike kulturprosjekt i dei tre kommunane i regionen, Fjell, Sund og Øygarden.

– MOT gjer eit svært godt arbeid i alle dei tre kommunane. Saman skal dei arrangera ein stor festival i Sotra Arena i juni for alle ungdomsskuleelevane i Fjell, Sund og Øygarden. Det vert ulike aktivitetar for ungdom og mykje anna, sa jurymedlem Rolf Øvretveit då han overrekte ein stor sjekk til dei glade mottakarane.

I MOT er gleda stor over den store pengegåva. MOT-koordinator i Fjell, Ivar Einarsen, lovar at dette skal verta eit arrangement vi seint vil gløyma.

– Dette arrangementet er retta mot ungdom i alderen 13 til 18 år. Det er Signalbærarungdom med MOT og Ungdom med MOT som står som arrangør. Målet er å samla mellom tusen og 15 hundre ungdomar til ein flott og spennande rusfri festival, seier Einarsen.

 

publisert 25.11.2014