2,1 mill. til regionale tiltak

Fylkesmannen har løyvd 2,1 millionar kroner til interkommunalt samarbeid i region vest. 

Totalt har Fylkesmannen fordelt 14 millionar kroner til ulike prosjekt som skal fornya kommunane. Han har lagt vekt på interkommunalt samarbeid og overføringsverdi ved tildeling til prosjekta. Totalt fekk Fylkesmannen fekk inn 68 søknader om totalt 34 millionar kroner.

Tildeling til samarbeidsprosjekt i region vest

Planlegging av lokalmedisinsk senter på Straume                      240 000
Pilotprosjekt for observasjonssenger som alternativ
til innlegging på sjukehus                                                     520 000
Prosjekt for rutinar og teknologi i kommunane for
intermediær avdeling for elektronisk info om
pasientane til ei kvar tid (Helse/IKT)                                      200 000
Interkommunalt arealplansamarbeid                                        500 000
Bygningsvernkonsulent for regional kulturminneplan                   200 000
Felles barnevernprosjekt                                                      250 000
Prosjekt om samarbeid om ulovleg bygging/tilsyn                      150 000
Elektronisk dokumentutvikling (Fjell og Øygarden)                      40 000

Tekst: Vigleik Brekke

publisert 12.04.2012