1,25 mill. til samhandlingsprosjekt

Strøm-Erichsen ved Øyane DPS

Helse- og omsorgsdepartementet har løyvd eín million kroner til samhandlingsprosjektet Betre Saman og 250 tusen kroner til JordmorHeim-prosjektet i Fjell. Helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen kunngjorde dette i samband med eit besøk i Fjell på tysdag. Totalt har departementet løyvd 3,7 millionar kroner til samhandlingsprosjekt i Hordaland.
Betre Saman er eit samarbeid mellom Helse Bergen og kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Midlane skal gå til eit pilotprosjekt der målet er å etablera eit lokalmedisinsk senter på Straume i Fjell.

Gode søknader
Statsråden sa under besøket i Fjell at det var sendt inn gode søknader på gode prosjekt.

– Dette går rett inn i kjernen av samhandlingsreforma. Pasientane vil oppta mindre sjukehuskapasitet gjennom at dei ligg kortare tid på sjukehus, samstundes som dei får eit betre tilrettelagt tilbod for å meistra kvardagen, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete StrømErichsen.

JordmorHeim-prosjektet, som er tildelt 250 tusen kroner, er eit samarbeid mellom Kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus og Fjell kommune. Gjennom dette samarbeidet vil den nye familien sleppa å reisa tilbake til sjukehuset for barselpoliklinikk og prøvetaking. Jordmor i kommunen vil yta barselomsorg til barnet som vektkontroll, høyretest av barnet, observasjon av hud, auge, navle og blodprøve.

Statsråden på veg ut frå Straume helsesenter. Bak frå venstre: spesialrådgjevar i Fjell kommune Svein Fjelland, ordførar i Øygarden, Olav Martin Vik og rådmann i Fjell, Steinar Nesse)

– Eg er svært imponert, sa Strøm-Erichsen då ho fekk omvisning i intermediær avdeling ved Fjell sjukeheim. Ifølgje statsråden vil kommunane med eit slikt prosjekt redusera bruken av institusjonsplassar samstundes som dei hevar sin faglege kompetanse.

Anne-Grete Strøm-Erichsen fekk omvisning på Straume helsesenter, Øyane distriktspsykiatriske senter, som er under bygging, Straume terapisenter og Intermediær avdeling. På omvisninga og på ei fellessamling på Straume bu- og servicesenter var det også representantar frå dei samarbeidande kommunane og Helse Bergen. Under fellessamlinga var det helsingar ved fungerande ordførar i Fjell, Georg Indrevik, leiar i Regionrådet Vest, Olav Martin Vik (ordførar i Øygarden) og administrerande direktør i Helse Bergen, Stener Kvinnsland.

22.06.2010
Tekst: Vigleik Brekke

publisert 24.08.2010