10 mill. ekstra til kommunane i regionen

Regjeringa styrkar kommuneøkonomien i framlegget til revidert nasjonalbudsjett.

Finansminister Siv Jensen

Finansminister Siv Jensen

Ei av årsakene til ekstraløyvinga er sviktande skatteinntekter for kommunane.

Kommunane i region vest vert styrka med totalt 10,2 millionar kroner. Her er oversynet over ekstraløyvingane i 2015:

Askøy kommune 4 351 000 kroner
Fjell kommune 4 021 000 kroner
Sund kommune 1 060 000 kroner
Øygarden kommune 740 000 kroner
– Regjeringa foreslår å styrkja økonomien i kommunane med 1,1 milliard kroner. Dette er fordi det er viktig å oppretthalda dei gode tenestetilboda i kommunane, seier finansminister Siv Jensen til NRK.

publisert 12.05.2015