Drøfta framtida for regionråda

Leiar av Regionrådet Vest, Kari-Anne Landro (ordførar i Sund) og ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, deltok på eit erfaringsseminar i Førde den 15. februar. Temaet var grunnlaget for utvikling av regionråda.

Frå presentasjonen til Kari-Anne Landro.

Frå presentasjonen til Kari-Anne Landro.

Kari-Anne Landro var ein av fleire leiarar av regionråd som hadde innlegg på vegner av regionråda.

– Vi hadde ei interessant samling på fredag. Det var ganske ulike innfallsvinklar, og det var på mange måtar med å stadfesta at det vil vera ulike behov i det nye fylket. Regionråda er også veldig ulike i organisering og oppgåver. Mange var samde om at «regionrådsgrensene» må teiknast opp på nytt. Nokre stilte også spørsmål om det er behov for regionråd eller om ein kan samhandla på andre måtar, seier Landro etter samlinga.

 

På erfaringsseminaret var det innleiingar frå fylkeskommunen, fylkesmannen, departement og tidlegare fylkesdirektør på starten av dagen. Mellom snakka tidlegare fylkesdirektør i Hordaland fylkeskommune, Jan P. Styve, om regionalpolitiske utfordringar og moglegheiter for regionråda i eit nytt landsskap.

 

– Frå Regionrådet Vest si side peika eg på at vi «utslettar» oss sjølv som regionråd sidan vi vert ein ny kommune. Eg stilte spørsmålet: Kva no? Eg retta meg både mot fylkeskommunen og regional stat (fylkesmann) med spørsmål om korleis dei vil samhandla med kommunar i det nye fylket. Kommunane rundt Bergen vert store og det ligg nok ei forventning om at desse kan samhandlast med direkte, seier leiaren av Regionrådet Vest.

Fleksibelt samarbeid

Ifølgje Landro vil kanskje samhandlinga mellom kommunar bli meir fleksibel avhengig av saksområde. Kan til dømes «fire store» kommunane rundt Bergen (Alver kommune, Bjørnafjorden kommune, Askøy kommune og Nye Øygarden kommune) ha felles utfordringar eller strategiar som dei ønskjer å samhandla om i framtida?

– Eg fortalde at Askøy tidlegare var ein del av vårt regionråd, men at vi no har samhandling berre innanfor nokre område, t.d. politiråd og felles eigarskap i Trigger. Det vart ingen konklusjonar frå denne samlinga, men mange har fått litt å tenka på og regionrådskartet er i endring, seier Kari-Anne Landro.

 

Det var HAFS regionråd og SiS regionråd som inviterte til erfaringsseminar. HAFS regionråd er eit samarbeidsorgan for kommunane Askvoll, Fjaler, Gulen, Hyllestad og Solund sør i ytre Sogn og Fjordane. Samarbeidsforum i Sunnfjord (SiS) Samarbeidsorgan og regionråd for kommunane Flora, Førde, Gaular, Jølster og Naustdal i Sogn og Fjordane. I invitasjonen vart det mellom anna peika på at ein kan ta utgangspunkt i det nye regionalpolitiske landskapet og kva rolle eit nytt regionråd kan spele i framtida og vurdera potensialet for eit tettare samarbeid med Bergen og Hordland og korleis dette eventuelt kan realiserast.

publisert 21.02.2019