Ønskjer samarbeid på tvers av kommunegrensene

Det er stor vilje i regionen til å samarbeida på tvers av kommunegrensene.

Frå panelsamtalen. Frå venstre; Heidi Skålevik, Arne Franck-Nielsen, Peggy Krantz-Underland, Otto Harkestad, Nils Kåre Skoge, Eli Årdal Berland og Siv Høgtun.

Det kom klart fram då Tinget i Vest i regi av Regionrådet Vest var samla på OneSubsea sitt store industrianlegg på Horsøy på Askøy på måndag. Tinget i Vest er samansett av formannskapa i dei fire kommunane i region vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.

I panelsamtalen mellom ordførarane i dei fire kommunane, Arne Franck-Nielsen og Peggy Krantz-Underland frå Statoil og Heidi Skålevik i NCE Subsea vart det stilt spørsmål om korleis den regionale subsea-klynga i «Hjeltefjord-bassenget» kan veksa seg endå sterkare. Sentrale tema i panelsamtalen var samarbeid, kompetanse, rekruttering og samferdsle.

Fleire av paneldeltakarane understreka at det er nødvendig å samarbeida endå meir på tvers av kommunegrensene enn tilfellet er i dag.
– Kommunane må snakka meir saman og stå fram med ei røyst, sa ordførar i Øygarden Otto Harkestad. Han meinte Nordhordland var eit godt føredøme når det gjeld å stå saman.

Askøy-ordførar Siv Høgtun stilte spørsmål om korleis bedriftene kan samarbeida seg imellom.

– Vi må gjera kvarandre gode. Dette er ikkje eit krins-, men eit verdsmeisterskap, og kommunegrensene gjeld ikkje her, sa Høgtun.

Arne Franck-Nielsen og Peggy Krantz-Underland i Statoil stadfesta  at Ågotnes skal vera Statoil sin hovudbase for subsea og lokalisering for ankerhandtering. Ordførar  i Fjell og leiar i styret for Regionrådet Vest, Eli Årdal Berland, var glad for signala om subseasatsing på Ågotnes.

– Når Statoil gjer det klart at selskapet vil satsa på subsea på Ågotnes, er det ikkje berre tomme ord. Også ho understreka at kommunen står saman og at vi ikkje er konkurrentar lokalt. Fungerande ordførar i Sund, Nils Kåre Skoge, viste til at fleire frå hans kommune arbeidar innan dette feltet. Også han la vekt på at ein bør stå meir samla i regionen.

Arne Franck-Nielsen understreka at denne regionen har stort potensial.
– Kva andre regionar kan visa til ei industriklynge med utgangspunkt i energi som her, spurte Nielsen.

Askøy kommune var vertskap

Glade samtalar i ein av pausane. Frå venstre; Siv Høgtun, Olav Martin Vik (Øygarden kommune), Peggy Krantz-Underland og Heidi Skålevik.

Det var ordførar Sig Høgtun som ønskte velkomen til Tinget i Vest. Ho viste til seks område med industrietablering på Askøy, Hanøytangen, Horsøy, Storebotn, Slettebrekka, Florvåg og Mjølevikvarden. Ho orienterte også om arbeidet med å etablera eit tverrsamband mellom region vest og Nordhordland og arbeidet med senterutvikling på Kleppestø.

Storsatsing på subsea på Askøy

Visepresident i One Subsea, Jens Steine, orienterte om OneSubsea som i løpet av nokre få år har bygd opp eit stort industriområde med 750 tilsette på Hørsøy. Utearealet er på 200 tusen kvadratmeter, medan dei sju bygningane har eit inneareal på 32 tusen kvadratmeter. Det er planar om å utvida området med administrasjonsbygg og meir industri. Etableringa på Askøy starta med Framo Engineering AS. I dag er OneSubsea eigd av Cameron og Schlumberger med totalt seks tusen tilsette på verdsbasis.

NCE kan verta GCE

Kommunikasjonssjef og merkevaresjef Heidi Skålevik orienterte om Norwegian Centre of Expertice (NCE) Subsea. Dette er eit ikkje-kommersielt selskap med 4,5 årsverk.  Subseaklynga fekk i 20016 status som Norwegian Centre of Expertice. NCE Subsea skal styrka og internasjonalisera undervassindustrien i bergensregionen. Det er no 136 bedrifter og organisasjonar som er partnar og medlem i NCE.
– Det er behov for langt meir kvalifisert arbeidskraft innan subsea i åra som kjem, sa Skålevik. Ho viste også til arbeidet med å få status som Global Center of Expertice, noko som vil gje 10 nye år med høgare ambisjon og dobbelt så stort budsjett som i dag.

Ny basestrategi for Statoil

Øygarden var godt representert på Tinget i Vest; i forgrunnen ordførar Otto Harkestad og rådmann Siri Fahlvik Pettersen.

Statoil orienterte om Statoil sin basestrategi. Som følgje av ein forventa redusert produksjon fram mot 2020, er det nødvendig å leggja om forsyningsbasestrukturen. Seglingsmønsteret, slik det er i dag, er ikkje berekraftig.

– Etter planen skal baseprosjektet vera gjennomført innan utgangen av 2016. Konsekvensen er endring i bemanninga, mindre CO2-utslepp og reduserte kostnader, sa Benedikt Henriksen.
Det nye seglingsmønstret innebér at basen på Dusavika ved Stavanger vert utvida ein del. Noko av aktiviteten i Florø vert overført til Mongstad, medan forsyningsverksemda på Ågotnes vert flytta til Mongstad. Ågotnes vert Statoil sin hovudbase for subsea i tillegg til at ankerhandteringa vert lokalisert på Ågotnes.

Lunsjen på Tinget i Vest var levert av Trigger AS. Dagleg leiar Cathrine Haugen orienterte om selskapet som har sin hovudaktivitet på Askøy.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 07.04.2014