Ønskjer å vidareføra Felles Ansvar

Sjølv om prosjektperioden for det kriminalitetsførebyggjande tiltaket Felles Ansvar gjekk ut ved årsskiftet 2013/2014, ønskjer foreininga å halda fram i ei eller anna form.

Ordførar i Askøy, Siv Høgtun" markerte milepælen ved å spandera kake.

– Vi er stolte over det vi har fått til. Vi håpar og trur at vi kan få til ei vidareføring, men vi er avhengig av eit samarbeid med næringslivet, sa styreleiar Torbjørn Fjøren då han i går kveld oppsummerte eit seminar i Askøy rådhus. Felles Ansvar er eit kriminalitetsførebyggjande tiltak som er koordinert gjennom Regionrådet Vest der fleire frivillige organisasjonar, politi,, næringslivet og dei fire samarbeidskommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden har gått saman om rus- og kriminalitetsførbyggjande tiltak retta mot risikoutsett ungdom.

Åsta Årøen har vore prosjektleiar for Felles Ansvar sidan vinteren 2012. Tiltaket har hatt til rådevelde nærare 1,5 millionar kroner sidan oppstarten. Den største einskildsponsoren er Gjensidigestiftelsen som har gått inn med eín million kroner.

Stolt over resultatet

– Vi er stolte av det vi har oppnådd, og vi har fått vera med å koordinera sju ulike prosjekt i dei fire kommunane. Det er også gledeleg at Vest Næringsråd no er representert i styringsgruppa, sa Åsta Årøen på seminaret i går.

Ordførar i Askøy, Siv Høgtun, markerte milepælen etter at prosjektperioden no er over og spanderte «milepælskake».

– Vi er stolte av dette prosjektet der politiet, kyrkja, frivillige lag og organisasjonar og næringslivet har gått saman med stor entusiasme. Dette tiltaket skal ikkje konkurrera med kommunale tilbod eller organisasjonane, men tetta igjen hol og gje tilbod vi ikkje har. Takk til Åsta Årøen for det som er gjort desse to åra! Eg vonar vi kan sjå deg jobba vidare i dette prosjektet, sa Siv Høgtun og nemnde også samarbeidspartnarar som politiet, Gjensidigestiftelsen, Stor Bergen Boligbyggelag, Røde Kors og Lions Club for godt samarbeid.

Politiførstebetjent Monica Johannesen Mørk snakka mellom anna om sekundærførebyggjande arbeid i kommunane. Dette reduserer risikofaktorane og aukar «beskyttelsesfaktorane».

– For ungdom er det viktig å oppleva tilhøyrsle og oppleva meistring og positive relasjonar, sa Johannesen Mørk.

Nils Eggereie Nedrebø (nestleiar) og Janne Hamre Karlsen (leiar og marknadsansvarleg) presenterte Sartor Fotballklubb.

Millionar til frivillige tiltak

Leiar i Gjensidigestiftelsen, region Hordaland, Even Søfteland, orienterte om stiftinga og kva kriterium som ligg til grunn for tildeling midlar. Seks – ti millionar kroner vil gå til førebyggjande tiltak i Hordaland i 2014.

– Gjensidigestiftelsen forvaltar totalt 45 milliardar kroner. Pengane skal brukast ut mot folket og ikkje til offentlege prosjekt. Vi prioriterer investeringstiltak retta mog ungdom der det ligg inne eigeinnsats/dugnad. Det er relativt få søkjarar frå denne regionen. Vi er godt nøgde med det Felles Ansvar har fått til med dei tildelte midlane, sa Even Søfteland.

Det var også orienteringar om Mekkeriet (Askøy), Jentegruppa Sisterhood (Øygarden), Sartor Fotballklubb (Fjell) og nytt tilbod for ungdom på Tveit (Askøy). Nasjonal koordinator Anders Midtsundstad orienterte om «Fritid med bistand», medan Christian Stoutland (Sotra, Askøy og Øygarden lensmannsdistrikt) informerte om skate-tilbod for ungdom.

Presentasjon av Mekkeriet, Askøy

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 06.02.2014